IKA logo

Arkivplan

Arkivplan

Ein arkivplan viser kva arkivet inneheld og korleis det er organisert. Arkivplanen skal også vise kva slags instruksar, reglar og planar som gjeld for arkivarbeidet. Ifølge arkivforskriften § 4 skal alle offentlege organ ha ein oppdatert arkivplan.

Arkivplanen skal brukast til å halde kontroll med arkivarbeidet i organisasjonen. I arkivplanen skal organisasjonen dokumentere kvar arkivansvaret er plassert, og korleis arkivfunksjonen er organisert. Me har samla ei oversikt over krav til innhald og oppbygging av arkivplanen. Dette spegler det som står i Riksarkivarens forskrift og Arkivverket sine heimesider.

Dei fleste eigarne våre har offentleg arkivplan hjå arkivplan.no.

IKA hjelper eigarane med å utarbeide og oppdatere arkivplanane.

Nettverksgrupper

Me arrangerer nettverksgrupper for arkivplanlegging og internkontroll. Målgruppa er arkivansvarlege i eigarkommunane og andre som jobbar med arkivplan og internkontroll.

Møta varer normalt frå kl. 09.00 til ca. kl. 14.00.

Lin Øiesvold er ansvarleg for møta hjå IKA Rogaland.

Her finn du ei oversikt over gruppene.

Bevaring og kassasjon

Offentleg arkiv som har stor kulturell eller forskingsmessig verdi, eller har rettsleg eller forvaltningsmessig verdi, skal bevarast for ettertida. Materiale som ikkje skal bevarast, kan kasserast slik at det kan slettast eller destruerast når det ikkje er bruk for det meir. For dette materiale skal det utarbeidast ein bevarings- og kassasjonsplan.

IKA har utarbeida ein bevarings- og kassasjonsplanmal, som eigarane til IKA kan bruke fritt og forme til sine behov:

Bevarings- og kassasjonsplanmal for IKA Rogalands eiere

Veiledning til Riksarkivarens forskrift

      Sidestolpe

      Aktuelt fra IKA

      Kurs i ny forvaltningslov – hva er nytt, og hva blir som nå?

      Dagens forvaltningslov kom i 1970 og inneholder regler for saksbehandling i forvaltningen. Samfunnet har siden da endret seg vesentlig; ikke minst digitalt. Dette er én av årsakene til at ny lov ble vedtatt juni 2025. Loven er imidlertid ikke i kraft, og det er noe usikkert når det vil skje.…

      Jubileumsartikler

      Kommunekalender

      april 2026
      Ingen arrangement funnet!