God sommer
Dei neste vekene er det ferieavvikling på IKA, og det kan derfor ta litt lengre tid enn normalt før du får svar frå oss. Me jobbar i tillegg ein del i magasin, så send oss gjerne ein e-post, eller bruk vårt kontaktskjema om du treng å komma i kontakt med oss.
Lesesalen er stengt til og med 9. august. IKA kan opna for lesesalsbesøk dersom du sender skriftleg søknad, (epost(@)ikarogaland.no), i forkant. Du vil få beskjed når arkivmaterialet er klart, og når du kan komma til Arkivenes hus.
Dersom arkivmaterialet du vil sjå er tilgjengeleg digitalt, til dømes på digitalarkivet.no, vil me ikkje innvilga besøk på lesesalen.
Velkommen tilbake til Arkivenes hus 10. august.