IKA Rogaland vil gjere nokon tiltak framover knyta til korona. 

Lesesalen vil frå 12. mars vere stengt framover på ubestemt tid. Dette gjeld også for brukarane av arkivmaterialet til Statsarkivet i Stavanger og Stavanger byarkiv.

Alle kurs, møter/samlingar og besøk i kommunar vil foreløpig bli avlyst ut mars og april.

Kontoret vil vere i drift framover og me vil vere tilgjengeleg på telefon. Det er framleis mulig å sende spurnadar om innsyn på skjema, e-post og SvarUt.

Me vil vurdere situasjonen kontinuerlig og vil komme ny informasjon dersom det endrar seg.