IKA logo

Innskanna arkivmateriale tilgjengeleg i Digitalarkivet

jun 19, 2024 | Aktuelt, Kommuner, Publikum

IKA Rogaland brukte i 2023 ressurser avsett av representantskapet til å gå gjennom og kvalitetssikra alle registreringar i ASTA, som er vår arkivkatalog. Kataloginformasjon frå registrerte arkiv blei deretter publisert på Arkivportalen.no. Alle som ønsker det kan no søka og bestilla innsyn i arkivmateriale som er oppbevart hos IKA via Arkivportalen.no.
I tillegg skanna IKA møtebøker frå alle kommunar, (kommunestyre, bystyre, formannskap), til og med året 1964. IKA har også skanna likningsprotokollar, skuleprotokollar, fattigstyreprotkollar, folketellingar og arkiv etter avhaldsforeningar. Dette er lasta opp på Digitalarkivet, og bøker som er 100 år eller meir ligg tilgjengeleg slik at alle som ønsker det kan bla i dei.
2023 er det første året IKA Rogaland har komplett statistikk for bruk av Digitalarkivet. IKA hadde i 2023 totalt 835 unike brukarar fordelt på 2045 arbeidsøkter.
Gå inn på IKA si heimeside for å sjå kva som ligg ute på digitalarkivet frå kvar kommune og frå Rogaland fylkeskommune: https://ikarogaland.no/for-publikum/utforsk-arkivene/
Sidan det nærmar seg skuleslutt vil me trekka fram følgande smakebit frå digitalarkivet: Fister kommune – skuleprotokoll – Fister skule 1857-1876: https://www.digitalarkivet.no/ed60190179000030