IKA logo

Denne artikkelen er eldre enn 1 år. Informasjonen som gis kan dermed være utdatert.

Korleis var det politiske klimaet på Jæren før i tida? Kva var dei opptatt av i kommunestyra? Dette kan du no finne ut på digitalarkivet.no. No er alle kommunestyre- og formannsskapsprotokollar frå Hå, Time og Klepp tilgjengelege digitalt frå 1837-1920. Her finn du protokollar etter både Ogna, Nærbø, Varhaug og gamle Haa kommune, Time og Klepp kommune.

I tillegg er det fleire skuleprotokollar frå skulane også digitalisert og tilgjengelege fram til 1920. Kanskje du finn tipp-oldemor sine karakterar?

Me har også digitalisert protokollar frå fleire andre kommunar. Alle digitaliserte protokollar hos IKA Rogaland finn du ved å trykke her.