10. januar 2024
Maria Juul er tilsett som ny dagleg leiar for Interkommunalt arkiv i Rogaland IKS
Maria Juul kjem til IKA Rogaland frå Sokkeldirektoratet, (tidlegare Oljedirektoratet), der ho har vore tilsett sidan 2012, blant anna som prosjektleiar innan data, informasjon, IT og nye næringar.
Maria er utdanna geolog frå Universitetet i Aarhus og har i tillegg leiarutdanning frå BI og Universitetet i Stavanger. Ho har tidlegare jobba som direktør for digitalisering og dataforvaltning i Sokkeldirektoratet.
I stillingsutlysinga sto det blant anna at IKA Rogaland var på utkikk etter nokon med «ledererfaring fra å medvirke til og opprettholde omstillings- og endringsfokus», «erfaring fra å oppfylle krav til internkontrollansvar», og «god forståelse for IKA sin kjernevirksomhet og arkivfaget».
Styret meiner at Maria, med si lange leiarerfaring og brennande engasjement for arkivfaget, har alle føresetnader for å lukkast med å ta IKA Rogaland over i ein ny utviklingsfase. Saman med eigarane skal Maria og styret utforma nye strategiar for å møta framtidas utfordringar. Dette er noko me alle ser fram til.