Slektsgransking
I kommunale arkiv kan du finne mykje spennande informasjon om di slekt. IKA har kommunale arkiv frå Rogaland tilbake til ca. 1837.
Me har blant anna skulearkiv, fattigstyrearkiv, likningsarkiv og vergeråd (seinare barnevern).
Mykje av det personrelaterte materialet kan vere klausulert. Hovudregelen er likevel at teieplikta fell bort etter 60 år. I nokon tilfeller kan teieplikta gjelde over 60 år. Barnevernsmateriale har ein klausul på minst 100 år. Helserelatert materiale har evig teieplikt.
Me har digitalisert fleire skuleprotokollar, dei ligg ut på Digitalarkivet. Dersom du ønskjer å bruke andre arkiv til slektsgranskning, kom gjerne til vår lesesal i Arkivenes Hus. Kontakt oss på førehand om kva du ønkjer å leite i, så står det klart når du kjem.
Me har dessverre ikkje ressurser til å gjere slektsgranskninga for deg, men me kan hjelpe med råd og rettleiing. Organisasjonen Slekt og Data kan også gi tips og råd, og hjelpe deg med å kome i gang.
Les meir om arkiva under utforsk arkivene.