IKA logo

Slektsgransking

På jakt etter gamle onkel Olaus eller grandtante Petronella?

KJELDER TIL SLEKTSGRANSKING HOS IKA ROGALAND

I kommunale arkiv kan du finna mykje spennande informasjon om di slekt. IKA har kommunale arkiv frå Rogaland tilbake til ca. 1837.

Me har dessverre ikkje ressurser til å gjera slektsgranskninga for deg, men me kan hjelpa med råd og rettleiing.

 

Arkiv me har skanna og publisert på Digitalarkivet.no:

   ¤   Folketellingar: Haugesund

   ¤   Skulearkiv: skuleprotokollar over 100 år. Jevnlig oppdatert

   ¤   Politiske arkiv: møtebøker og kopibøker over 100 år, frå kommunestyrer og formannskap. Forhandlingsprotokollar frå Rogaland fylkesting fram til 1988. Register til bystyreforhandlingane

   ¤   Privatarkiv: Avhaldsforeiningar i Rogaland

Frå nettsida til IKA kan ein velga ein kommune og få opp alle skanna arkiv frå denne:

Eksempel: om du vel Kvitsøy kommune kjem du til Digitalarkivet og får opp arkiva frå Kvitsøy:

 

Arkiv hos IKA Rogaland

Formannskapslovene av 1837 la grunnlaget for lokalt sjølvstyre og delte landet inn i formannskapsdistrikt, eller kommunar. Med dette blei kommunale arkiv skapt. IKA Rogaland er depot for 22 kommunar i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, IVAR IKS og Haugaland Kontrollutvalgssekretariat IKS. Det meste av det bevarte arkivmaterialet frå eigarkommunane er frå omlag 1837 og fram til omlag 1990 er deponert hos IKA. Arkivoversikt for både noverande og tidlegare kommunar finn du på arkivportalen.no

 

 Slektsgransking i kommunale arkiv – nyttige kjelder

   ¤   Likning: Likningsprotokollar/skattelister er dels sett opp etter adresse/matrikkelnummer, dels etter namn. Her finn du blant anna opplysningar om formue, skatt på formue og inntekt. Folkeregister og manntal kan óg forekomma i likningsarkiv, og i møtebøker og saksarkiv er det økonomiske opplysningar om personar og bedrifter. Likning blei statleg i 1965.

   ¤   Fattigstyret: seinare forsorgsstyret og sosialstyret, i dag: NAV. Er blant dei eldste arkiva me har. Omfattar både enkeltpersonar og heile familiar. Nokre kommunar hadde i tillegg fattiggardar og arbeidsheimar.

   ¤   Skulearkiv: klasselister, karakterer og foto. Opplysningar om undervisning, oppførsel, helse, familie og flytting kan forekomma i veldig gamle skulearkiv.

   ¤   Privatarkiv: har ofte opplysningar om kva personar har halde på med i til dømes foreiningar og lag.

 

Personopplysningar

Personopplysningar ligg mange stader, og ikkje alltid i ei mappe – opplysningar kan vera registrert i protokollar, i kartotek eller i datafiler.

Kommunale arkiv dekker alle stadier i livet:

   ¤   Barndom: barnehage, barnevern

   ¤   Skulegang: grunnskule, vidaregåande skule

   ¤   Inntekt og arbeidsforhald: skattelister, personalmapper

   ¤   Sosialhjelp: fattigstyre, bostøtte

   ¤   Sjukdom og helse: helsestasjon, kommunelege, aldersheim og sjukeheim

 

Er alt materiale allment tilgjengeleg?

Enkelte opplysningar kan vera underlagt teieplikt, men ikkje heile arkiv, og som regel ikkje heile dokument. På generelt grunnlag er 60 års sperrefrist hovudregel for sensitive personopplysningar og forretningsløyndomar, 80 år kan gjelda for opplysningar i straffesaker, medan 100 år gjeld til dømes for opplysningar i adopsjons- og barnevernssaker.

Organisasjonen Slekt og Data kan gje tips og råd, og hjelpa deg med å koma i gang med slektsgransking.

Les meir om arkiva under utforsk arkivene. 

 

Sidestolpe

Aktuelt fra IKA

Ny daglig leder på plass på IKA Rogaland

Ny daglig leder, Maria Juul, har sin første arbeidsdag på Arkivenes Hus i dag 2. april. Maria Juul kommer til IKA fra Sokkeldirektoratet (tidligere Oljedirektoratet), der hun har vært ansatt siden 2012 – blant annet som prosjektleder innen data, informasjon, IT og nye næringer. Maria er utdannet geolog fra Universitetet i Århus, og har i […]…

Påsken 2024

Arkivenes hus og lesesalen held stengt i påsken. IKA er på jobb, men me kjem til å vera mykje i magasina. Sidan det ikkje er dekning der nede anbefaler me at du sender e-post eller kontaktskjema om du vil komma i kontakt med oss.…

Publikumskalender

Ingen arrangement funnet!