Klepp kommunestyre vedtok i juni i fjor at det skulle byggast nytt kommunehus på Klepp. Dermed måtte ein legga ein plan for alt arkivverdig materiale som befinn seg i dagens kommunehus. Klepp kommune inngjekk ein avtale med IKA for å få ordna og listeført papirarkiva sine.
Forrige veke starta IKA med nedpakking av alle arkiv som skal fraktast frå fjernarkivet på Klepp til Arkivenes hus på Ullandhaug. Denne veka blir flyttelassa frakta frå Klepp til Ullandhaug. Med om lag 300 meter med arkiv som skal flyttast, er det godt med nokre ekstra par med hjelpande hender.
Foto fra flytteprosessen: Siri-Mona Damsgård