Frå tysdag 11. april gjeld nytt lesesalsreglement på Arkivenes hus. Alle som kjem til oss må lesa gjennom og signera på dette.
Reglementet er felles for Arkivverket (Statsarkivet i Stavanger), Stavanger byarkiv og IKA Rogaland.
Grunnen til at dette vert innført, er at Arkivverket har opplevd fleire tjuveri dei siste åra. Unikt og uerstatteleg materiale har forsvunne frå offentleg eige og inn på den ulovlege marknaden. Nytt, og strengare, regelverk vert derfor ikkje berre innført på Arkivenes hus, men på alle Arkivverket sine lesesalar.