IKA logo

Denne artikkelen er eldre enn 1 år. Informasjonen som gis kan dermed være utdatert.

IKA Rogaland samarbeider med Universitetet i Stavanger og Arkivverket ved Statsarkivet i Stavanger om utplassering av studentar som har søkt om praksisemne som del av sin bachelorgrad. Studentane kjem frå dei humanistiske faga religion, historie, nordisk eller engelsk.

Studentane arbeider hos IKA frå august til november kvart år – totalt 225 arbeidstimar. IKA har saman med Arkivverket laga eit undervisningsopplegg som studentane deltek på, i tillegg til at dei jobbar med ulike oppgåver knytt til dagleg drift.

Undervisningsopplegget inneheld følgande tema:

  • Saksbehandling og lesesal
  • Depot (papir)
  • Bevaring av elektronisk arkiv
  • Arkivdanning
  • Digitalisering
  • GDPR
  • Oljearkiv
  • Arkivhistorie
  • Bevaringsvurdering
  • Privatarkiv

Typiske arbeidsoppgåver kan vera:

  • Ordning, reordning, listeføring av papirarkiv (kommunalt og privat)
  • Skanning/digitalisering
  • Gjenfinning, saksbehandling

Me finn saman med studentane fram til arbeidsoppgåver som passar godt til kvar enkelt, samstundes som det er viktig at studentane utfører oppgåver som uansett måtte bli utført på IKA. Det skal vera ein reell arbeidssituasjon.

Tilbodet skal gjera det muleg å få kontaktar innanfor felt det elles kan vera vanskeleg å få relevant erfaring frå. Praksis for bachelorstudentar skal også gjera studentane betre førebudde på arbeidslivet. Gjennom observasjon, samhandling, veiledning og praktisk øving skal studentane bli klar over kva yrkesroller humanistiske fag kan gje, og vera ei introduksjon til ulike yrker som vil vera mulege å søka på seinare.