IKAs kontaktkonferanse blir i år digitalt på Teams, onsdag 3. juni frå kl. 09.00-12.30. Me kan blant anna friste med innlegg om innebygd dokumentasjon, spennande anbodsprosessar på nye saksbehandlingssystem og korleis SIARD- metodikken for bevaring av fagsystem kan hjelpe deg med å sove betre om natta. Konferansen er gratis og lunsjen må du ordne heilt sjølv!
For meir informasjon og påmelding, sjå her. Me sender ut invitasjon på Teams til dei som har meldt seg på i god tid før møtet.