IKA logo

Kva er privatarkiv?

Privatarkiv er arkivmateriale som ikkje er skapt av ei offentleg verksemd. Eksempler på arkiv frå private aktørar kan vera bedriftsarkiv, organisasjonsarkiv, foreinings-/lagsarkiv og arkiv etter enkeltpersonar.

Fordeling av typer privatarkiv i Rogaland.

Arkiva varierer i omfang, frå berre ein protokoll eller arkivboks, og opp til fleire titalls hyllemeter.

Det er ikkje lovpålagt å ta vare på privatarkiv, men privatarkiv gjev eit rikt innblikk i lokalsamfunnet i den enkelte kommune og region. Arkiv frå offentleg og privat verksemd utfyller altså kvarandre. Bevaring og tilgjengeleggjering av privatarkiv er viktig for å sikra dokumentasjon om lokalhistoria og lokalsamfunnet. IKA Rogaland er difor positive til å oppbevara privatarkiv for eigarane våre.

Dei siste åra har me fått tildelt arkivutviklingsmidlar frå Nasjonalarkivet. Ein person har vore tilsett på prosjekt for å få oversikt over kva privatarkiv som er oppbevart hjå oss og avtalar knytt til desse. I tillegg har prosjektmedarbeidar komprimert og samla privatarkiva på ein stad i depotet. No er det enklare å finna fram og plassen er utnytta på best mulege måte. Oversikt over privatarkiv som er oppbevart hjå IKA Rogaland finn du på Arkivportalen.no.

Privatarkiva kan vera små, men inneheld ofte mykje spanande. Her er bilder av nokre eksempel.

Her kan du lese mer om privatarkiv.

Bevarings- og samhandlingsplan for
privatarkiv i Rogaland    https://ikarogaland.no/wp-content/uploads/PDF_PLAN.pdf

Digitalisering og tilgjengeliggjøring av avholdsarkiver https://ikarogaland.no/felles/aktuelle-prosjekt/

Arkiv etter avholdsforeninger