IKA logo

Arkivpris til «gammelt rols»

For å skapa merksemd og heidra personar som gjorde ein innsats for arkiv, oppretta IKA sin eigen arkivpris i 1987. Prisen kunne gå til arbeid med både offentlege eller private arkiver.

Utklypp frå Jærbladet 11.02.1987, der IKA informerer om Arkivprisen.

Utklypp frå Jærbladet fra 19.04.1991 da arkivprisen gikk til Jørgen Skjæveland.

Bilde av statuttene for arkivprisen, henta frå husarkivet til IKA.

Det var kulturkontora i kommunane som nominerte kandidatar til prisen. Den fysste arkivprisen i 1987 gjekk til Sverre Kvadsheim for at han berga ei mengd med kommunearkiv frå Ogna. Han fekk dette ut frå eit hus som dagen etter blei reve.

Utklypp frå Rogalands avis 03.04.1987 med artikkel om Sverre Kvadsheim.

I dag er arkiva frå Ogna hjå IKA på Arkivenes hus. Då arkivprisen blei delt ut hadde ikkje IKA eigne magasin. Mykje av arbeidet gjekk føre seg i kommunane, der ein hjalp til med kartleggjing, ordning og registrering av arkiv. Arkivprisen auka interessa og merksemda mot arkiv.

Arkivprisen blei delt ut fram til 1995, og gjekk til personar som brant for ulike typar arkiv. Både film og foto var representert. Etterkomar til K.K. Kleppe, Kåre Kleppe, fekk pris for å ha teke vare på faren si fotosamling. Den omfattar tusenvis av bilder, med mange lokale motiv, men også frå K.K. Kleppe sine reiser rundt i landet, då han sat på Stortinget. Prisen blei delt ut på ein kulturkveld i Klepp. Familien Næsheim fekk pris for å ta vare på farens amatørfilmar.

Utklypp fra annonse i Jærbladet 02.02.1994.

Utklypp fra Jærbladet 21.04.1989 med artikkel om utdeling av pris til familien Næsheim.

Prisen har også gått til innsamling av lokalhistorisk materiale. Severin B. Bollestad samla både foto og anna minnemateriale frå Gjesdal og Jørgen Skjæveland frå Bjerkreim samla blant anna stadnamn og dialektord. To prisar har gått til Sauda. Kjell Stubb Sæther samla arkiv frå Sauda smelteverk og Jostein Handeland sto bak opprettinga av Sauda lokalarkiv. I 1996 blei Arkivprisen avvikla på grunn av få nominasjonar.

 

Oversikt over utdelte Arkivprisar, det året dei blei delt ut:

1995: Jostein Handeland: oppretting av Sauda lokalarkiv

1994: Kåre Kleppe – fotosamlinga til K.K. Kleppe

1993: Severin B. Bollestad innsamling av både foto og anna minnemateriale frå Gjesdal

1991: Jørgen Skjæveland – Innsamling av blant anna stadnamn og dialektord

1990: Kjell Stubb Sæther – Sauda smelteverk

1989: Familien Næsheim – Amatørfilm

1987: Sverre Kvadsheim – Kommunearkiv frå Ogna