Kurs om interkommunale samarbeid
Mange kommunar nyttar interkommunale samarbeid for å løysa ulike oppgåver og tilby tenester til innbyggarane. I mai i år kom ny lov om interkommunale samarbeid. Kva reglar gjeld, og kva må ein passa på, for å sikra at dokumentasjon frå slike samarbeid blir ivaretatt på beste mulige måte?
Forelesar
Tysdag 28. november kl 09:30-15:30 inviterer IKA Rogaland til kurs på Arkivenes hus med advokat Kurt O. Bjørnnes som forelesar. Bjørnnes har 25 års erfaring innan kurs og foredrag. Kursa hans er utvikla spesielt for offentleg sektor, og er kjenneteikna ved ei praktisk tilnærming til stoffet.
Kursinnhald
I løpet av kursdagen vil følgande tema bli gjennomgått:
¤ Innledning om interkommunalt samarbeid
¤ Presentasjon av dei ulike samarbeidsformene som er aktuelle i ein «akse» frå såkalla eigenforvaltning til forretningsverksemd
¤ Hovedregelen om formene for interkommunalt samarbeid, Kommuneloven kapittel 17
¤ Endringar i IKS-loven, (frå mai 2023), og kva konsekvensar desse endringane får
¤ Reglane om interkommunalt politisk råd etter kommuneloven kapittel 18. Her skal me ha søkelys på eigenart og myndigheit, deltakaransvar, representantskap og samarbeidsavtale
¤ Kommunalt oppgåvefellesskap etter kommuneloven kapittel 19. I denne delen skal me sjå på kva eit oppgåvefellesskap er, og kva myndighet det har. Me skal også sjå på reglane om deltakaransvar, representantskap og samarbeidsavtale
¤ Vertskommune etter kommuneloven kapittel 20. Her skal me sjå på kva det inneber at ein kommune kan overlata til ein vertskommune å utføra lovpålagde oppgåver og delegera myndigheit til å treffa enkeltvedtak eller vedta forskrifter
¤ Mot slutten av kurset sin første del skal me sjå på forhold rundt etablering av interkommunale selskap (IKS), interkommunale aksjeselskap (AS) og stiftingar
¤ Overgangsordningar for interkommunale styre etter den tidligare kommuneloven § 27
Målgruppe
Dette kurset passar for arkivleiarar, arkivmedarbeidarar, einingsleiarer, kommunedirektørar, leiarar i interkommunale samarbeid, politikarar og saksbehandlarar.
Program
Det vil bli servert kaffi og frukt frå ca kl 09:00
09:30-12:00 Undervisning
12:00-13:00 Lunsj
13:00-15:30 Undervisning
Pris
Pris for IKA sine eigarar: 2200,-
Pris for eksterne: 3200,-
Påmelding
Bindande påmelding seinast innan 23. november. Ver ute i god tid for å sikra deg ein plass!
Kontakt epost@ikarogaland.no om du har spørsmål.