AVLYST – Kurs i krevjande innsynssaker
Sjå Webinar
Kravet til kommunane aukar når det gjeld innsyn, offentlegheit og tilgjengeleggjering av arkiv. Talet på innsyn stig og ofte er innsyn særs ressurskrevjande i kommunane. Det er difor viktig å ha kontroll på lovverket og korleis ein skal tolke dette. Advokat Kurt O. Bjørnnes kjem og har laga eit kurs i samarbeid med IKA Hordaland som er retta inn mot dei problemstillingane ein ofte får ved krevjande innsynssaker.
Dette er eit nyttig kurs for deg som jobbar med innsyn i kommunal sektor. Kurset vil ha både praktiske døme frå kommunane og skal vere med å gjere deltakarane tryggare på handsaming av problemstillingar rundt innsynskrav.
Dersom du kjem langveis frå og treng hotellovernatting, ligg Ydalir hotell berre fem minuttars spasertur frå Arkivenes hus.
Påmelding for medlemmar, bruk skjemaet under.
Dersom du ikkje er medlem, men ønskjer å delta på kurset. Send e-post til epost@ikarogaland.no. (Skriv namn, arbeidsstad, ev. allergiar og fakturareferanse)