MENY

Første oktober er frist for å søke utviklingsmidlar på arkivfeltet frå Arkivverket. Det er satt av 12,3 millioner til dette formålet. Målgruppa er offentlege og private institusjonar som bevarer, gjere tilgjengeleg og formildar arkiv. Kommunar og fylkeskommunar kan også søke åleine eller saman med andre.

Det er to programområde. Det eine er vidareutvikling av privatarkivfeltet. Deler av tilskotet er også retta mot å sikre privatarkiv frå viktige samfunnssektorar. Kanskje du veit om eit arkiv i din kommune som burde blitt bevart?

Det andre er innovasjon i offentleg forvaltning. Her er det aktuelt med utprøving og testing av ny teknologi, metodar og prosessar. Jobbar de i dykkar kommune med til dømes innebygd arkivering, eller andre metodar for arkivering, kan de søke om støtte til dette.

Les meir om utviklingsmidlane og søknadsprosess her:

Ta gjerne kontakt med IKA dersom dette kan vere aktuelt for dykk, så hjelper me gjerne med søknadsprosessen.