Skip to content

Ny offentleglov – endringar med innverknad for kommunane

av tij den september 10th,2010

Kapittel 1. Innleiande føresegner

§ 2. Verkeområde
Lova gjeld framleis for stat og kommune, men i tillegg for sjølvstendige rettssubjekt der det offentlege har avgjerande innverknad på verksemda. (Ikkje berre når desse fattar enkeltvedtak eller utferdigar forskrift slik som i gammal lov). Lova gjeld altså selskap der ”stat, fylkeskommune eller kommune direkte eller indirekte har ein eigardel som gjev meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet /…/ eller stat, kommune direkte eller indirekte har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene med røysterett i det øvste organet i rettssubjektet.”

Hvis stat og kommune kvar for seg eig under 50 % av verksemda, vil det vera den samla innverknaden frå det offentlege som er avgjerande.

Desse selskapa får dermed journalføringsplikt i følge arkivforskrifta (jfr. Kap. B. Journal og elektroniske arkivsystem). Det er ikkje gitt at dei skal følgja resten av reglane i arkivlova med forskrift.

Kapittel 2. Hovudreglane om innsyn

§ 8. Gratis innsyn
Hovudregelen er at ein ikkje kan ta betalt for å gje innsyn til nokon som har bede om dette.
”Organet kan berre krevje betaling for innsyn etter denne lova dersom det har heimel i forskrift etter andre eller tredje ledd.”
Forskrifta opnar for at ein kan ta betaling i enkelte tilfelle, men satsane skal vera slik at samla inntekt ikkje er større en dei faktiske kostnadene ved kopiering/utsending av dokument. Ein kan ikkje ta betalt for arbeidstida ein brukar for å finna fram, kopiera materialet.
I følge offentlegforskrifta § 4 kan ein altså ta betalt:

  • Om talet på avskrifter, kopiar eller utskrifter overstig hundre ark i A4-format i éi sak. Organet kan då ta ei krone per ark ut over hundre i tillegg til porto for heile sendinga.
  • For utskrifter eller kopiar til papir når det gjeld uvanlege format, høgkvalitetskopiar eller liknande dersom kostnadene med dette i vesentleg grad overstig kostnadene ved vanleg kopiering.
  • Ved kopiering til anna lagringsmedium enn papir.
  • For informasjon som blir produsert eller tilarbeidd utelukkande for å dekkje eit behov hos eksterne aktørar.
  • For geodata (kart mv.) og eigedomsinformasjon.

I tillegg kan arkivdepot kreva betaling for avskrifter, utskrifter og kopiar til papir etter satsar fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet.

§ 9. Samanstilling frå databasar
”Alle kan krevje innsyn i ei samanstilling av opplysningar som er elektronisk lagra i databasane til organet dersom samanstillinga kan gjerast med enkle framgangsmåtar.”

Lova gjev rett til å kreva at kommunen (organet) skal laga ei samanstelling av opplysningar som er lagra i databasane til organet for å etterkomma eit innsynskrav. Paragrafen inneber ei plikt for forvaltningsorganet til å utarbeida samanstellinga. Samenstellinga vil gjera at eit eller fleire nye dokument oppstår. Desse må journalføras og vurderas ut i frå innhald med tanke på innsyn.

For å laga samanstellinga må ein nytta opplysningar som er elektronisk lagra i databasane til organet (t.d. kommunen). Operasjonen må kunna utføras med enkle framgangsmåtar. Det vil seia at organet må vurdera arbeidsbyrden det vil bli påført. Denne plikta vil kun gjelda om samanstellinga er omfatta av hovudregelen om innsynsrett i offentleglova (§ 3); ”Saksdokument, journalar og liknande register for organet er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov”, denne reglen er i hovudsak ei vidareføring frå gammal lov.

§ 10. Tilrettelegging av journal og dokument på internett
Ingen kommunar eller sjølvstendige rettssubjekt vert pålagt å gjera sin journal eller sine saksdokument tilgjengelege på internett i følge offentleglova. Dersom dei likevel vel å gjera dette må dei følga reglane nedlagt i lova og forskrifta; ”Organ som er omfatta av lova her, kan gjere dokument allment tilgjengelege på Internett, med unntak for opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov.”
Forskrifta har følgande å seia om dette: § 7. Tilgjengeleggjering av dokument på Internett Organ som er omfatta av offentleglova, kan gjere dokument tilgjengelege for ålmenta på Internett.  Følgjande skal ikkje gjerast tilgjengeleg på Internett:

a) opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov
b) opplysningar som det kan gjerast unntak frå innsyn for etter § 9 i forskrifta her /…/
Blant anna gjeld dette:
/…/ Det kan gjerast unntak frå innsyn for journalinnføringar i følgjande sakstypar:

a) enkeltsaker om adopsjon, ekteskap, partnarskap, separasjon, skilsmål, farskap, nedstamming, barnefordeling og bidrag
b) enkeltsaker som gjeld konsulær bistand frå utanrikstenesta
c) enkeltsaker etter barnevernlova, sosialtenestelova, psykisk helsevernlova og verjemålslova. /…/
c) opplysningar som er nemnde i personopplysningslova § 2 nr. 8 /…/
Det vil seia:

/…/ sensitive personopplysninger: opplysninger om
a) rasemessig eller etnisk bakgrunn, eller politisk, filosofisk eller religiøs oppfatning,
b) at en person har vært mistenkt, siktet, tiltalt eller dømt for en straffbar handling,
c) helseforhold,
d) seksuelle forhold,
e) medlemskap i fagforeninger. /…/
d) fødselsnummer, personnummer og nummer med tilsvarande funksjon
e) opplysningar om lønn og godtgjering til fysiske personar, med unntak for opplysningar om lønn og godtgjering til personar i leiande stillingar i det offentlege og i leiande stillingar eller i styret i sjølvstendige rettssubjekt
f) materiale som ein tredjepart har immaterielle rettar til, med unntak for slikt materiale som er nemnd i § 5 fyrste ledd andre punktum og for materiale der rettshavaren samtykkjer til at materialet blir gjort tilgjengeleg.

Organ som gjer dokument tilgjengeleg for ålmenta på Internett, skal opplyse kva for kriterium som ligg til grunn for utvalet av dokument.”

§ 11. Meirinnsyn
Tidlegare vart ein oppfordra til å utøva meirinnsyn, men no er dette pålagt i dei tilfella det er høve til å gjera unntak: ”Når det er høve til å gjere unntak frå innsyn, skal organet likevel vurdere å gi heilt eller delvis innsyn. Organet bør gi innsyn dersom omsynet til offentleg innsyn veg tyngre enn behovet for unntak.” Når det gjeld informasjon som er underlagt teieplikt kan ein ikkje bruka paragrafen om meirinnsyn. Det er ikkje høve til å gje innsyn i den typen opplysningar utan at den som har krav på teieplikt har samtykka i at informasjonen vert gjort kjent. Jfr. § 13. Opplysningar som er underlagde teieplikt. Reglane om teieplikt er vidareført uendra i ny lov. Hugs at når de nyttar unntaka i Kap. 3 (§§ 13 – 27) gjev dei fleste av desse i utgangspunktet berre rett til å unnta opplysningar, ikkje heile dokument.

Kapittel 3. Unntak frå innsynsretten

§ 15. Dokument innhenta for den interne saksførebuinga
Det er framleis høve til å unnta dokument innhenta for intern saksførebuing, men dette høvet vert i den nye lova stramma inn.
Følgande kan ein framleis unnta om skadevilkåret er innfridd:
§ 15, 1. ledd - gjeld heile dokumentet:

  • innhenta frå underordna organ
  • Innhenta frå overordna organ

    – skadevilkår: ”må vera nødvendig å sikre forsvarlege interne avgjerdsprosessar”
    15, 2. ledd – gjeld delar av dokumentet:

    • Unntak for dei delar som inneheld råd og vurdering av korleis eit organ bør stilla seg i ei sak
    • Skadevilkår: ”må vere påkravd av omsyn til ei forsvarleg ivaretaking av det offentlege sine interesser i saka”

      ”Skadevilkåra” vera oppfylt for at ein skal kunna gjera unntak!

      § 16. Innsyn i interne dokument hos kommunane og fylkeskommunane
      § 16, 3. ledd – ei vesentlig utviding av innsynsretten

      • Einingar i kommunen med sjølvstendig avgjerdsrett vert rekna som eigne organ i følge offentleglova
      • Einingane må ha fått delegert avgjerdsrett, og unntaket i § 14 gjeld då ikkje for dokument til eller frå einingane i dei sakene som er omfatta av denne avgjerdsretten

        Kvar kommune har eit delegasjonsreglement. I dette vil ein kunne sjå kva for einingar som har fått delegert avgjerdsrett for ulike område – i ulike saker.

        § 23. Unntak av omsyn til det offentlege sin forhandlingsposisjon m.m.
        Det vert ei innskrenking av retten til å unnta i anbodssaker. Det er i følge ny lov berre mogeleg å unnta inntil ein har avgjort kven som skal få oppdraget:
        ”Det kan gjerast unntak frå innsyn for tilbod og protokoll etter regelverk som er gitt i medhald av lov 16. juli 1999 nr. 69 om offentlege innkjøp, til valet av leverandør er gjort.”

        § 25. Unntak for tilsetjingssaker m.m.
        Stort sett vert det ei vidareføring av gammal lov i denne typen saker, men ver obs på at det er blitt vanskelegare å unnta personar frå den offentlege søkarlista:
        ”I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.”
        Det er interessa kring stillinga som avgjer, jo større interesse (viktigare stilling) jo vanskelegare skal det vera å få anonymitet på den offentlege søkarlista.

        Kapittel 4. Saksbehandling og klage

        § 28. Innsynskravet
        Me finn her ei utviding og presisering av gammal lov, samstundes som me ser ei viss oppmjuking av identifikasjonskravet:
        ”Innsyn kan krevjast skriftleg eller munnleg. Innsynskravet må gjelde ei bestemt sak eller i rimeleg utstrekning saker av ein bestemt art. Dette gjeld ikkje når det blir kravd innsyn i ein journal eller liknande register. ”
        Ein kan altså kreva innsyn både skriftleg og munnleg, og i ”rimeleg utstrekning” i saker av ein bestemt art. Det vil dermed vera arbeidsbyrden organet (kommunen) vert påført for å finna fram sakene som avgjer om eit slikt innsynskrav skal godkjennas eller ikkje.

        § 30. Korleis organet skal gi innsyn
        Lova gjev styrka rett til kopi.

        • Ein kan kreva papirkopi eller elektronisk kopi
        • Retten til kopi gjeld ikkje format eller versjonar av eit dokument som er allment tilgjengelege.

          Forskrifta kjem med følgande utdjuping: § 5. Unntak frå rett til kopi:
          ”Det kan ikkje givast elektronisk kopi av materiale som ein tredjeperson har immaterielle rettar til, så langt materialet har økonomisk verdi, og det medfører fare for at materialet kan bli misbrukt i kommersiell samanheng om kopi blir gitt. Unntaket etter fyrste punktum gjeld ikkje for søknadar, argumentasjonsskriv, høyringsfråsegner og liknande vanleg materiale som blir sendt inn i samband med ei sak. Retten til kopi gjeld ikkje for journalar og dokument som er avleverte til arkivdepot, og som er i så dårleg stand at dei kan bli skadde eller øydelagde ved kopiering.”

          § 31. Avslag og grunngiving
          Avslag på søknad om innsyn etter offentleglova krever at organet (kommunen) kjem med eit skriftleg svar. Den som får avslag på innsynskrav kan innan tre veker be om ei nærare grunngjeving av hovudomsyna som har vore avgjerande for avslaget. Ei slik grunngjeving må gjes snarast råd, og seinast innan 10 dagar.

          § 32. Klage
          Stort sett er det som gjeld klager ei vidareføring av gammal lov, men § 32, 4. ledd gjer klageinstansen sitt vedtak til særleg tvangsgrunnlag. Som før er det fylkesmannen som er klageinstans i kommunale saker. ”Særleg tvangsgrunnlag” tyder at dersom organet (kommunen) nektar å følgja vedtaket frå klageinnstansen om å gje innsyn, vil han/ho som har søkt innsyn kunne få tvangsfullført kravet i kraft av å ha vedtaket frå klageinnstansen (fylkesmannen). Det er altså ikkje nødvendig å gå til ein domstol for å få dom for kravet.

          ——–
          Endringar på grunn av EU-direktiv 2003/98/EF
          Offentleglova oppfyller krav i EU-direktiv 2003/98/EF. Direktivet handlar om vidarebruk av informasjon frå den offentlege sektoren. Bakgrunnen for direktivet er verdiskapingspotensialet som ligg i vidarebruk av informasjon (ikkje dokument) frå det offentlege. Formålet er å fastsetja minimumsreglar om vidarebruk av slik informasjon. Gjennomføringa av direktivet fører til ei endring i følgande delar av offentleglova:

          • § 6. Forbod mot forskjellsbehandling
          • § 7. Bruk av offentleg informasjon
          • § 8. Hovudregel om gratis innsyn

          ————
          Kjelder:
          Offentleglova
          Offentlegforskrifta
          Rettleiar frå departementet

          Fra → Nyhetsarkiv

          Kommentarer er stengt